Unik montessoribarnehage på Grytastranda
Grytastranda Montessoribarnehage er ein ny privat barnehage som opnar hausten 2019 i lokale tilknytta Grytastranda Montessoriskule. Planen vidare er å bygge på skulen vestover, slik at barnehagen får nye lokaler med eigen inngong og eige uteområde. Vi satsar på å få til eit nært samarbeid mellom skulen og barnehagen, vi jobbar side om side etter dei same pedagogiske prinsippa. Vi ser på oss som eit oppveksttun. Det er viktig med glidande overgong frå barnehage til skule. På skulen får barna bygge vidare på det dei har lært i barnehagen.
Unik montessoribarnehage på Grytastranda
«Hjelp aldri eit barn med noko det sjølv føler det kan meistre», seier Maria Montessori. På Grytastranda Montessoribarnehage skal vi legge til rette for at barna får «gjere det sjølv». Montessoripedagogikken bygg på at barna skal få utforske og øve seg i eit trygt og tilrettelagt miljø, slik at dei gradvis blir sjølvstendige vesen som kan ta gode val og vere sjølvhjelpte.
Grytastranda Montessoribarnehage er ein ny, privat barnehage som opnar hausten 2019 i lokale tilknytta Grytastranda Montessoriskule. Planen vidare er å bygge på skulen vestover, slik at barnehagen får nye lokaler med eigen inngong og eige uteområde. Vi satsar på å få til eit nært samarbeid mellom skulen og barnehagen, vi jobbar side om side etter dei same pedagogiske prinsippa. Vi ser på oss som eit oppveksttun. Det er viktig med glidande overgong frå barnehage til skule. På skulen får barna bygge vidare på det dei har lært i barnehagen.
Maria Montessori var oppteken av at barna skulle få oppleve nærleik til naturen, og av at barna skulle få forståing av korleis alt heng saman. For å forstå den verda dei lever i, må dei få gjere eigne erfaringar og sjå samanheng og heilheit i ting. På Grytastranda Montessoribarnehage vil det derfor bli lagt vekt på at barna skal få vere mykje ute. Vi ønskjer at barna skal få møte verkelegheita og den kulturen dei lever i, tilpassa deira utviklingstrinn og deira måte å lære på. Dei vaksne må tilrettlegge miljøet for barna, slik at dei får lære utifrå utvikling og interesse og får oppleve meistring og glede over det dei gjer.
– Vi skal utvikle eit unikt uteområde ved barnehagen med blant anna Hobbithytte med peis som skal fungere som varmestove og forteljarhytte. Det blir bokhyller på veggane – og utanfor ein fin liten hage med blomster, bær og grønsaker.
I eit montessorimiljø er det stor vekt på orden og system, men også på estetikk. Det skal vere fint og tiltalande, og møblert i forhold til barna si høgde. Materiellet skal «kalle» på barna. Leik og læring er to sider av same sak, og arbeid med montessorimateriell vil føre til læring. Det er praktiske kvardagsøvingar, det er sansetrenande materiell – og det er intellektuelle øvingar. Barna jobbar med det dei har interesse for, og dei jobbar til dei er «ferdige». Den vaksne viser fram nytt materiell som kan gje dei lyst til å lære meir. Kvart materiell har sin faste plass i hyller tilpassa barna sin alder.
Grunntanken i montessoripedagogikken er respekt for det enkelte individ, omsorg for natur og miljø, og å utvikle barna til å bli sjølvstendige og gje dei friheit under ansvar. Velkommen til Grytastranda Montessoribarnehage 0-6 år.

Forma etter borna
I eit montessorimiljø er det stor vekt på orden og system, men også på estetikk. Det skal vere fint og tiltalande, og møblert i forhold til barna si høgde. Materiellet skal «kalle» på barna. Leik og læring er to sider av samme sak, og arbeid med montessorimateriell vil føre til læring.
Mykje ute
Maria Montessori var oppteken av at barna skulle få oppleve nærleik til naturen, og av at barna skulle få forståing av korleis alt heng saman. For å forstå den verda dei lever i, må dei få gjere eigne erfaringar og sjå samanheng og heilheit i ting. På Grytastranda Montessoribarnehage vil det derfor bli lagt vekt på at barna skal få vere mykje ute.
