LEIGEFORESPØRSEL for Grytastranda Montessoriskule
Utleiger: Styret for Grytastranda Montessoriskule og skulen v/Ragnhild Skogrand (heretter kalt utleiger)
Leiger:
Omfang av utleige:
Lag og organisasjonar som er knytt til bygda og arbeider til felles beste for både skule og
bygdesamfunn, skal ikkje betale leige for bruk av rom til møter og arrangement. Det same
gjeld for tilsette ved skulen, for styret og alt som er i regi av FAU og elevane.
Skal ha gratis utleige:
Ein ettermiddag/kveld:
Ei helg, fredag-søndag:
Leigetaker disponerer lokale
Instruks om vask og bruk av utstyr
- Den som leiger enkeltrom må alltid vaske og rydde etter seg dersom det er naudsynt.
- Ved leige av kjøkken, matsal, gymsal og toalett må leigetakar alltid vaske etter seg. Vaskeutstyr står under trappa i nybygget.
- Skaffety og dekkety som vert brukt må skyljast og vaskast i steammaskinen på kjøkkenet. Dersom noko blir knust eller på annan måte øydelagt, må rektor få melding om det. Alt må settast tilbake på rett plass etter bruk og reingjering.
- Leigetakar må ikkje ta med seg panner, gryter, bollar etc som høyrer skulen til heim etter arrangementet. Skal leigetakar ha med seg mat heim, må det skje ved å bruke eige, medbragt utstyr.
- Bruker leigetakar dukar, må dette avtalast, og desse må takast med heim etter arrangementet for vask og stryking. Tilbakelevering til skulen innan rimeleg kort tid.
- Brukte koppehanddukar og klutar skal samlast i ein plastpose. Reinhaldar ved skulen vaskar dette.
- Stolar og bord som blir brukt, må reingjerast og settast på plass der dei var.
- Alt søppel må plasserast i søppeldunkane.
- Leigetakar er ansvarleg for at lys vert avslått etter bruk. Likeeins at alle dører er låste og vindauge attlatne.
- Leigetakar må passe på at kjølerom, fryseboksar og kjøleskap er rydda og reine etter bruk.
- Leigetakar må sørge for at det er ryddig ute dersom noko av arrangementet går føre seg utandørs.
- Flagget ligg i ei hylle ved kjølerommet på kjøkkenet.
Plikter
Utleiger plikter å stille med reine lokaler og nødvendig utstyr til disposisjon til avtalt tid.
Utleiger er ansvarleg for at lokalet oppfyller lovpålagte krav til nødutgongar,
brannslokningsutstyr mm.
Leigetaker plikter å sette seg inn i leigeinstruks og følge denne. Leigetakar plikter å behandle
dei leigde lokala fint og er erstatningsansvarleg for alle skade som skuldast han/ho sjølv eller
andre deltakarar på arrangementet.